Hopp til innhald

Agnes av Brandenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnes av Brandenburg

Fødd29. september 1257
Død29. september 1304
TittelDronning av Danmark
Alle titlarkongegemalinne
Hus eller slektHouse of Ascania in Brandenburg
GravstadSt. Bendts kirke
LandDanmark
MorJutta av Sachsen
FarJohan I av Brandenburg
EktefelleErik Klipping, Gerhard II av Holsten
BarnErik Menved, Kristoffer II av Danmark, Richiza, Johann III av Holsten, Valdemar Eriksen, Märta av Danmark, Katherina Eriksdatter, Elisabeth Eriksdatter
St. Bendts kirke var den føretrekte gravkyrkja for den danske kongeslekta fram til midten av 1300-talet. På tavla som heng i kyrkja står namnet til Agnes av Brandenburg.

Agnes av Brandenburg (125729. september 1304) var ei dansk dronning gift med Erik Klipping. Ho var dotter av Johan I av Brandenburg og Jutta av Sachsen.[1] Etter drapet på Erik Klipping i 1286 var ho leiar av formyndarregjeringa for den umyndige sonen sin Erik Menved.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Agnes blei gift i 1273] med Erik Klipping, og blei dermed dronning av Danmark. I ekteskapet blei det fødd sju ungar:

Erik Glipping blei drepen under ein jakttur i Viborg i 1286.[2] Etter at han døydde var Agnes regent for den mindreårige sonen sin Erik Menved, i lag med hertug Valdemar av Sønderjylland.[3]

Då sonen var blitt vaksen, gifta Agnes seg i 1293 med Gerhard II av Holstein. Ho fekk ein son med han, Johan III av Holstein.

Agnes er gravlagd i St. Bendts kirke i Ringsted.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Agnes – Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. Erik 5. Glipping (Klipping) Gravsted.dk
  3. Salvesen, Helge (26. mai 2017). «Agnes av Brandenburg». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Steffen Heiberg (2004). Danske dronninger i tusind år (på dansk). Gyldendal. s. 32. ISBN 87-02029-46-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]