Vyborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viborg)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Viborg i Danmark.
Vyborg
Вы́борг
Horisonten til Vyborg
Horisonten til Vyborg
Flagget til Vyborg Byåpenet til Vyborg
Flagget til Vyborg Byvåpenet til Vyborg


Plassering
Vyborg is located in Russland
Vyborg is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1293
1403
Borgarmeister Vasilij Osipov
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

78 595
Koordinatar 60°43′″N 28°45′″EKoordinatar: 60°43′″N 28°45′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 188800-188811
Retningsnummer (tlf) +7 81378
Bilnummer 47
Nettstad: www.city.vbg.ru

Vyborg (russisk Вы́борг, Vyborg, finsk Viipuri, svensk Viborg) er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Vyborg ligg ved FinskebuktaDet karelske neset. Hovudgata i Vyborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vyborg vart grunnlagd av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjonen austover, i sentrum av ein gamal karelsk busetnad og eit handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart dregen på nytt, aust for Vyborg.

Viborg under den svenske tida, omkring år 1700. Frå Suecia antiqua et hodierna.

Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dimed Viborg òg, til Sovjetunionen. Deretter tok Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuerte, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Dagens Vyborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Vyborg både med buss og tog. I byen bur det 78 595 (2008) menneske. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Vyborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.

Kjende stader[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste kjende staden er Vyborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det òg, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart riven på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Viborg