Agnieszka Grochowska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnieszka Grochowska
Agnieszka Grochowska by Foksal.jpg
Fødd31. desember 1979 (43 år)
FødestadWarszawa
Aktive år2001–
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleDariusz Gajewski
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Zbigniew Cybulski-prisen, Bronze Medal for Merit to Culture – Gloria Artis‎, Fortjenstkorset i gull

Agnieszka Grochowska (fødd 31. desember 1979) er ein polsk skodespelar fødd i Warszawa.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Grochowska studerte skodespel i Warszawa, der ho vart uteksaminert i 2002. Etter dette vart ho medlem i Teatr Studio i byen, der ho mellom anna spelte i Amadeus av Peter Shaffer. Den fyrste filmen ho spelte i var Alarm frå 2002. Sidan har ho spelt i fleire store polske filmar. Grochowska snakkar flytande tysk, og har også spelt i tyske kinoproduksjonar som Unterwegs (2004) og Nimm dir dein Leben (2005). Ho har vore Shooting Star under filmfestivalen i Berlin.

I 2009 spelte ho den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Upperdog av Sara Johnsen. For denne rolla vart ho tildelt Amandaprisen for 2010 i klassen Beste kvinnelege hovudrolle. I 2011 er Grochowska aktuell med heile 4 polske filmproduksjonar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]