Agnordal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnordal (frå høgre) Storlidalen møter hovuddalføret Oppdal (frå venstre mot midten).

Agnordal (av norrønt agnǫr, mothake)[1] er ein sidedal der elvane renn mot retninga til elva i hovuddalføret.

I Noreg finst fleire vassdrag der sideelvane kjem på skrå inn mot retninga til hovudelva. Dalar som formar slike mothakemønstre, kallast agnordalar. Der det er agnormønster, renn gjerne hovudelva i ein høvesvis trong og djup dal gjennom eit høgtliggjande landområde der agnordalen har sitt opphav. I fortsetjinga av det som no er den øvre delen av hovuddalen, går det ein vidare dal med ei elv som renn i motgåande retning til den noverande hovudelva. Eit godt eksempel på ein slik agnordal er Drivdalen som kjem ut i dalføret Oppdal. Denne dalen var ein gong ein del av eit dalsystem som gjekk mot nordaust gjennom Gauldalen til Trondheimsfjorden. Tilstrøyminga av elver frå begge sidene i dalføret gjennom Oppdal viser alle det same agnormønsteret. Dette kan berre forklårast med at vasskiljet før istidene låg lenger mot vest og at agnordalane var del av ei opphavleg dalforming som drenerte austover. Gjennom istidene må ei djuptgåande omforming hendt i vassdraget. Agnordalane til Oppdal var tidlegare del av eit vassdrag som gjekk i motgåande lei. Brigdinga må vere fanga inn ved at elva og innlandsisen gjennom istidene har forma den noverande hovuddalen og skore seg gjennom det gamle vasskiljeområdet og flytt vasskiljet austover til noverande posisjon. Truleg er det dei stutte, bratte elvane som renn mot kysten i vest, som har stole sideelvar frå dei lange, slake elvane som går i austleg lei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Agnordaler». Store norske leksikon.