Dal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Val Forno i Sveits.

Dal eller dalføre er landområde som er lågare enn landet rundt og følgjer ei viss retning. Dei fleste dalar er anten U-forma eller V-forma, eller ei blanding av desse typane, avhengig av korleis dei er blitt til. Ein dal kan vera ein enkeltdal, skapt av ein isbre eller ei elv, men dalar kan også ha sidedalar eller henga saman i det som gjerne blir kalla dalføre.

Dalføre[endre | endre wikiteksten]

Dalføret Kali Gandaki i Nepal.

Dalføre er gjerne lange eller samanhengande dalar, slik som Gudbrandsdalen, Hallingdal eller Numedal.

U-dal[endre | endre wikiteksten]

Ein isbre lagar U-dal på Grønland.
U-dalen Little Cottonwood Canyon i Utah.

Dalar med bratte, parallelle sider og jamn breidde, gjerne også flat botn, er utforma gjennom erosjon av ein strøymande isbre. Mange slike dalar blei laga i nedisingsperiodane under kvartærtida som tok til for rundt to millionar år sidan.

Døme på U-forma dalar er Hemsedal i Noreg og Yosemite Valley i USA.

V-dal[endre | endre wikiteksten]

V-dal graven ut av Altaelva.

Dalar som har form som ein V med skrånande sider er danna ved elve-erosjon. Der desse dalane blir danna av rasktflytande elver, gjerne i fjella, vil dalsidene vera bratte og dalbotnen smal. Ei tregare elv med mindre helling vil laga vidare dalar med slakare sideskråningar.

Langs dalsidene er det gjerne mykje laus stein som glir ned mot ei elv og blir malne sund og frakta bort av elvestraumen. Ein svært djup og bratt elvedal blir kalla canyon. Ein elvedal som er tørr mesteparten av tida blir kalla ein vadi (wadi).

Døme på V-dalar er Engadin i Alpane, Hallingdal i Noreg og Grand Canyon i USA.

Riftdal[endre | endre wikiteksten]

Ein riftdal er ei særskild dalform som er danna gjennom forkastingar i jordskorpa. Riftdalen i Afrika er eit kjent døme på dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]