Ahmad Ibn Fadlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ahmad Ibn Fadlan
Fødd 877
Bagdad
Død

960

Yrke oppdagar, geograf, skribent
Manuskriptside frå ein tekst av Ahmad Ibn Fadlan.

Ahmad ibn Fadlān ibn al-Abbās ibn Rāšid ibn Hammād (arabisk skrift أحمد بن فضلان بن العباس بن راشد بن حماد‎) var ein arabisk diplomat og forfattar som levde på 900-talet. Han er kjend for reiseskildringa Risala, som han skreiv etter ei reise som utsending for den abbasidiske kalifen i Bagdad til kongen til volga-bulgarane frå 921 til 922. I skriftet er det med ei eineståande augnevitneskildring av bålferda til ein hovding hjå det som ofte vert tolka som ei gruppe vikingar med svensk opphav.[1]

Ibn Fadlan i moderne kultur[endre | endre wikiteksten]

Ibn Fadlan si skildring inspirerte Michael Crichton si bok Eaters of the Dead (1976) som blei filmatisert i 1999 som Den 13. krigeren (The 13th Warrior).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vera Henriksen (1984). Verdenstreet : mennesker og makter i Odins tid. Oslo: Aschehoug. s. 142. ISBN 82-03-26018-7.  [Omsetjing til norsk av bolken om bålferda]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]