Ahti Karjalainen
Ahti Karjalainen | |
![]() | |
Fødd | 10. februar 1923 Hirvensalmi |
---|---|
Død | 7. september 1990 (67 år) |
Statsborgar av | Finland |
Parti | Centern i Finland |
Yrke | politikar, diplomat, bankier |
Utdanna ved | Helsingfors universitet |
Barn | Kukka-Maaria Karjalainen |
Ahti Kalle Samuli Karjalainen (10. februar 1923–7. september 1990) var ein finsk politikar frå Hirvensalmi, medlem av Centern.
Karjalainen var son til ein gardbrukar, og utdanna seg til jurist. I 1950 fekk han posisjonen som statsminister Urho Kekkonen sin personlege sekreter, ei stilling han hadde til Kekkonen seks år seinare vart president i Finland. Dei neste tjue år åra veksla Karjalainen m ellom mange av dei viktigaste regjeringspostane i Finland.
Karjalainen var statsminister i Finland frå 13. april 1962 til 18. desember 1963, og på ny 15. juli 1970 til 29. oktober 1971. Utanriksminister var han 1961, 1964–70 og 1972–75. I tida 1966-79 var han medlem av den finske riksdagen, vald frå krinsen Mikkeli-Land.
Frå februar 1982 var Karjalainen sjef for den finske nasjonalbanken. Den 13. mai 1983 oppfordra den finske presidenten, Mauno Koivisto, han om å gå av «til gode for allmenta». Karjalainen etterkom oppfordringa, han var ved den tid alkoholikar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ahti Karjalainen» frå Wikipedia på tysk, den 29. oktober 2015.