Aiden McGeady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aiden McGeady
Aiden McGeady 3260.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Aiden McGeady
Fødd 4. april 1986
Fødestad Glasgow
Høgd 178 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Spartak Moskva
Nummer 64
Ungdomsklubbar
2000-01
2001-04
Skottland Queen's Park
Skottland Celtic
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-10
2010-
Skottland Celtic
Flag of Russia.svg Spartak Moskva
185 (31)
1 (0)
Landslag
2004- Irland Irland 34 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Aiden McGready (fødd 4. april 1986 i Glasgow) er ein skotsk fotballspelar, som spelar for Spartak Moskva i den russiske fotballigaen og for det irske fotballandslaget. Besteforeldra hans på farssida kom frå Donegal i Irland. Han er dermed kvalifisert til å spela for det irske fotballandslaget, og valde det framfor Skottland.

McGeady har vore med på å vinna skotsk Premier League tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Han vart kåra til årets spelar og årets unge spelar i Skottland i 2008, og til årets unge irske spelar i 2009. I august 2010 gjorde han den dyraste overgangen nokonsinne frå ein skotsk klubb til ein klubb utanfor Skottland, då han gjekk til Spartak Moskva for om lag 9,5 millionar britiske pund.

McGeady debuterte for Irland sitt A-landslag i juni 2004 i ein kamp mot Jamaica.