Celtic FC
| Celtic FC | |||
| Skipa | 1887 | ||
|---|---|---|---|
| Heimebane | Celtic Park, Celtic Park | ||
| Liga | Scottish Premiership | ||
| Land | Storbritannia | ||
| By | Glasgow | ||
| Eigar | Dermot Desmond, Lindsell Train | ||
| Hovudtrenar | Martin O'Neill | ||

Celtic Football Club er ein fotballklubb i Glasgow i Skottland, stifta i 1887. Klubben, som spelar i Scottish Premier League, har vunne 44 seriemeisterskap, det siste i 2013. Celtic har 35 gongar sigra i den skotske cupen og 14 gongar gått til topps i den skotske ligacupen.
Celtic vann Europacupen i 1967, som det fyrste fotballaget frå Storbritannia. Alle spelarane på vinnarlaget var fødd innanfor ein radius på under 50 kilometer frå Celtic Park i Glasgow. Klubben er såleis den eine av to klubber som har vunne ei europeisk klubbturnering der alle spelarane var frå heimlandet til klubben. Laget frå 1967 har i ettertid vorte kalla Lisbon Lions («Løvene frå Lisboa»), ettersom finalen mot Inter fann stad i Lisboa. Tre år seinare, i 1970, nådde Celtic finalen i Europacupen på ny. Både då og i 2003, då Celtic spela UEFA-cupfinale, vart det tap for Glasgow-klubben.
Laget spelar heimekampane på Celtic Park. Celtic har gjennom fotballhistoria hatt sin store rival i Rangers FC, ein annan fotballklubb frå Glasgow. Kampane mellom dei to laga vert omtala som Old Firm.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Celtic F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2013.