Aiguille de Bionnassay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aiguille de Bionnassay
fjell
Bionassay0001.jpg
Aiguille de Bionnassay sett frå Val Veny
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Mont Blanc-massivet
Høgd 4 052 moh.
Førstestiging 27. juli 1865
Koordinatar 45°50′N 06°49′EKoordinatar: 45°50′N 06°49′E
Wikimedia Commons: Aiguille de Bionnassay

Aiguille de Bionnassay er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Alpane på grensa mellom det franske departementet Savoie og den italienske autonome regionen Aostadalen. Fjellet har ei høgd på 4 052 meter over havet, og ligg vest for Mont Blanc. Fjellet er omgjeve av isbrear. På nordsida ligg Glacier de Bionassay, og på sørsida den enorme Miagebreen, som strekkjer seg ned i Val Veny.

Aiguille de Bionnassay vart først klatra 27. juli 1865 av Florence Grove, Reginald Somerled Macdonald, Jean-Pierre Cachat, Michel-Clément Payot og Edward N. Buxton.