Aiolos
Aiolos er namnet på to personar i gresk mytologi og dikting.
I greske segner er Aiolos son av Pyrra og Hellen, som igjen er soneson av Prometevs. Aiolos var i segnene herskar i Thessalia og vart rekna som stamfar for aiolerane, den eine av tre stammer som hellenarane frå gammal tid var delt inn i.[1]
I Odysseen er Aiolos vindguden som heldt til på ei drivande øy. Av Aiolos får Odyssevs ein sekk med dei fire vindane i. Mennene til Odyssevs lurer seg til å opne sekken medan han ligg og søv og det kjem ein storm som fører skipet tilbake til Aiolos. Odyssevs ber om hjelp på ny, men Aiolos jagar han bort i sinne.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Aiolos» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2009.
Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Aiolos – hersker i Thessalia» i Store norske leksikon, snl.no.