Air Tanzania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Air Tanzania
Air Tanzania Dash 8.jpg
Air Tanzania Dash-8

Air Tanzania Company Limited (ATCL, swahili Kampuni ya Ndege Tanzania) er det nasjonale flyselskapet i Tanzania. Det har hovudbase på Julius Nyerere internasjonale lufthamn i Dar-es-Salaam. Selskapetet vart grunnlagt i 1977 som Air Tanzania Corporation (ATC), etter oppløysinga av East African Airways, og har heilt frå starten vore medlem av African Airlines Association (AAA).[1] Flyselskapet var heleid av den tanzanianske regjeringa fram til 2002, då det kom ein delvis privatisering i samsvar med direktivet om Bretton Woods-systemet for å få innført landets strukturtilpasningsprogram. Staten reduserte difor sin eigardel til 51% og inngjekk ei samarbeidsavtale med South African Airways.

Dette samarbeidet varte i rundt fire år og påførde flyselskapet tap på over 24 milliardar tanzanianske shilling (tilsvarande 19 millionar amerikanske dollar eller 114 millionar norske kroner med dåverande kurs). Den tanzanianske staten kjøpte tilbake aksjane frå South African Airways i 2006, og i dag er Air Tanzania igjen eit heleid statleg aksjeselskap. Flyselskapet har opp gjennom åra betent ei rekkje flygninger innanlands i Tanzania og dessutan til regionale og interkontinentale destinasjonar. Marknadsdelen til Air Tanzania har falle dramatisk i løpet av dei siste åra, frå audmjuke 19,2% i 2009 til 0,4% i 2011, til trass for at det har status som eit nasjonalt flyselskap.[2]

Destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Air Tanzania opererer per april 2014 seks innenriksruter og to regionale ruter.[3]

Air Tanzanias destinasjonar
Land By IATA ICAO Flyplass
 BurundiBurundi Bujumbura BJM HBBA Bujumbura internasjonale lufthamn
 KomoreneKomorene Moroni HAH FMCH Prins Said Ibrahim internasjonale lufthamn
 TanzaniaTanzania Arusha / Moshi [startar 1. mai 2014] JRO HTKJ Kilimanjaro internasjonale lufthamn
 TanzaniaTanzania Dar-es-Salaam DAR HTDA Julius Nyerere internasjonale lufthamn [Hub]
 TanzaniaTanzania Kigoma TKQ HTKA Kigoma lufthamn
 TanzaniaTanzania Mbeya HTGW Songwe lufthamn
 TanzaniaTanzania Mtwara MYW HTMT Mtwara lufthamn
 TanzaniaTanzania Mwanza MWZ HTMW Mwanza lufthamn
 TanzaniaTanzania Tabora TBO HTTB Tabora lufthamn
 TanzaniaTanzania Zanzibar by [startar 1. mai 2014] ZNZ HTZA Abeid Amani Karume internasjonale lufthamn

Flåte[endre | endre wikiteksten]

Det skadde Boeing 737-flyet (5H-MVZ)

Air Tanzanias flåte består per mars 2014 av følgjande fly:

Air Tanzanias flåte
Flytype Mengd Ordre Passasjerar Merknad
Bombardier Dash 8 1 50
Bombardier CRJ200 1 50
Totalt 2

Ulukker og hendingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1. mars 2010: Ein Air Tanzania-fly av typen Boeing 737-200 (5H-MVZ) sklei av den våte rullebanen under eit landingsforsøk på Mwanza lufthamn. Nasehjulet kollapsa etter landing og flyet fekk påført strukturelle skadar i skroget og høgre motor, men det vart ikkje meldt om nokon skadde etter hendinga.[4] Skadane på flyet viste seg å vera så omfattande at det ikkje vart sett på som føremålstenleg å utbetra dem, og flyet vart difor avskrevet og lagra i Mwanza, i påvente av oppfyllelse av ein fordring mot flyselskapet sitt forsikringsgiver.[5]
  • 8. april 2012: Ein de Havilland Canada DHC-8-311Q-maskin (5H-MWG) tilhøyrande Air Tanzania styrta under eit forsøk på å ta frå av Kigoma lufthamn. Ingen av dei 39 personane om bord kom til skade, men flyet vart påført store materielle og uopprettelige skader.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Current Members: ATCL» (på engelsk). African Airlines Association. Henta 24. desember 2013. 
  2. «Air Operators - Market Share 2009-2011» (PDF) (på engelsk). Tanzania Civil Aviation Authority. 2011. Henta 23. desember 2013. 
  3. «ATCL Destinations». airtanzania.co.tz (på engelsk). Arkivert frå originalen 2013-12-17. Henta 17. desember 2013.  Den ukjende parameteren |arkivdato= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |dødlenke= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |arkivurl= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |besøksdato= vart ignorert (hjelp); More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp)
  4. "Air crash in Mwanza" (engelsk) , Tanzanian Affairs, 1. mai 2010
  5. "Air Tanzania Corporation Ltd" (engelsk) , Tanzanian Affairs, 1. september 2010
  6. "How 39 cheated death in ATCL plane mishap" (engelsk) , The Citizen, 9. april 2012
  7. Accident Description (engelsk) , Aviation Safety Network, 9. april 2012]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]