Julius Nyerere internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julius Nyerere internasjonale lufthamn

Julius Nyerere internasjonale lufthamn (IATA DARICAO HTDA) er hovudflyplassen i Tanzania. Ho tener den største byen i landet, hamnebyen og den tidlegare hovudstaden Dar-es-Salaam. Flyplassen har namn etter den første presidenten i landet, Julius K. Nyerere.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tyske koloniregjeringa bygde den første flyplassen i Tanganyika i Kurasini sør for Dar-es-Salaam i 1918. Den fekk namnet Mkeja lufthamn.

Ein annan flyplass kjent som Dar es Salaam lufthamn Terminal I vart bygd i Ukonga vest for byen då den første ikkje lenger kunne møta behovet. Denne vart utvida og ein byrja bygga ein ny terminalbygning i 1979. Han vart offisielt opna av Julius Nyerere i oktober 1984.

I oktober 2005 vart Dar es Salaam International Airport (DIA) omdøypt til Mwalimu Julius Kambarage Nyerere International Airport.

Kontrolltårnet

Tilsaman 3,5 millioner passasjerar nytta flyplassen i åra 1980-2004; eit snitt på 2 770 passasjerar per dag.[1]

I november 2006 vart namnet på flyplassen endra igjen til Julius Nyerere International Airport (JNIA).[2] I 2006 vart flyplassen nytta av 1 249 419 passasjerar[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DIA becomes Mwalimu JK Nyerere.
  2. Main airport changes name, yet again
  3. Tanzania Airports Authority Arkivert 30. april 2009 på Wayback Machine.