Aiskylos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aiskylos

Alias Αἰσχύλος
Statsborgarskap Antikkens Athen
Fødd 525 f.Kr.
Elevsína
Død

456 f.Kr.
Gela

Yrke tragedieforfatter, krigar, skodespelforfattar
Språk gamalgresk
Far Euphorion of Eleusis
Aiskylos på Commons

Aiskylos (ca. 525 f.Kr.-456 f.Kr.) er ein av dei store greske tragediediktarane, ved sidan av Sofokles og Evripides.

Aiskylos vart fødd i Elevsis i Attika, og budde det meste av livet i Aten. Han hadde byrja med dramatisk dikting alt 500 f.Kr., ti år seinare deltok han i slaget ved Marathon, der han kjempa i flåten, og etter nye ti år deltok han ved slaget ved Salami. Han var den første som brukte to skodespelarar, og let dialogen få ein berande plass. Emne for diktinga var henta frå segner om gudar og heltar.

Sju av verka hans er bevarte:

  • Trilogien Orestien, med Agamemnon, Sonofferet, Evmenidane (458 f.Kr.)
  • Perserane (472 f.Kr.)
  • Dei sju mot Theben (467 f.Kr.)
  • Hiketídes
  • Den bundne Prometevs

Sistnemnde skodespel har heilt sidan antikken vore tileigna Aiskylos sin forfattarskap, men i seinare år har mange trekt dette i tvil på stilistisk grunnlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]