Akkarfjorden på Sørøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°46′47″N 23°25′42″E Akkarfjorden er ein fjordSørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km vestover til tettstaden Akkarfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Akkarfjordnæringen i nord og Borvikklubben i sør. I tillegg til Akkarfjord ligg gardsbruka Ytre Akkarfjord og Bismarkvika på nordsida av fjorden. Fjorden er 62 meter på det djupaste, om lag midt i fjorden.

Fv112 går langs delar av fjorden.