Akromatisk linsesystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strålegang gjennom en akromatisk linse.

Ei akromatisk linse er eit linsesystem som minkar effekten av kromatisk aberrasjon gjennom å fokusere raudt og blått lys i same punkt. Når òg gult eller grønt lys har same, snakkar ein om apokromatisk optikk. Akromatar vert mellom anna nytta i teleskop.

Den første vellukka akromatiske linsa vart laga av den engelske optikaren John Dollond i 1758. Han kombinerte ei samlelinse av kronglas, med ei svakare spreielinse av flintglas, som har større fargespreiing enn kronglas.

I kikkertar og mikroskop er objektivet gjerne akromatisert for bølgjelengdene 490 og 660 nm (visuell akromasi). Desse bølgjelengdene representerer to fargetonar (blågrønt og raudt) som for auge er komplementære og derfor vert lagt til «kvitt» lys. For fotografiske formål blir objektivet gjerne akromatisert for bølgjelengdene 410 og 590 nm (fotografisk akromasi), som er tilpassa den spektrale lyskjenslekurva til filmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]