Grøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grøn

Spektrale koordinatar
Bølgjelengd495–570 nm
Frekvens~575–525 THz
sRGBB  (rgb)(0, 128, 0)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
Planteblad er som regel grøne.

Grøn er ein farge med bølgjelengde på om lag 490 til 570 nanometer. Han er særs vanleg i naturen fordi klorofyllet i plantare er grønt. Namnet til fargen sjølv har samband med naturen. Ordet grøn kjem endeleg frå den urgermanske rota *grô- "veksa" som me også har fått orda gro og gras frå.

I additiv fargeblanding, det vil seia når ein blander farga lys, er grøn ein av de tre grunnfargane (saman med raud og blå) som til saman dannar kvitt. I denne samanhengen er grønt komplementet til magenta.

I subtraktiv fargeblanding, det vil seia blanding av målarfargar og anna som absorberer eller speglar fargane i lyset, oppstår grønt når ein blander primærfargane gult og blått. Grønt er der altså ein sekundærfarge.

I estetikken reknar ein grønt til dei kalde fargane.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Medan norsk skil mellom fargane grøn og blå, er det mange språk som ikkje gjer det. Vietnamesisk bruker til dømes ordet xanh om både blå og grøn. Dersom dei vil skildra fargen nøyare, kan dei seia «xanh som himmelen» eller «xanh som blada». Også i språk som skil mellom dei to fargane kan det vera skilnader på kor ein set grensa. Er til dømes turkis blå eller grøn?

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Politisk[endre | endre wikiteksten]

Den grøne fargen er viktig i symbolbruken til dei fleste miljørørsler, og politiske parti som legg miljø og økologi til grunn for arbeidet sitt; til dømes Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Religiøst[endre | endre wikiteksten]

Grønt blir ofte brukt som symbol for islam. Dette kan ha fleire grunnar. Først og fremst var feltflagget til Mohammed grønt. Seinare brukte etterkomarane hans grøne turbanar, og var dei einaste som fekk bruka desse. Grønt er òg assossiert med Paradiset i islam - når ein ser for seg det arabiske ørkenlandskapet, er det lett å skjøna kvifor.

Irsk grøn postkasse.

Flagg med minst 50 % grøn botnfarge inkluderer organisasjonsflagga for Den arabiske ligaen og Den islamske konferansen og nasjonalflagga for dei hovudsakleg muslimske landa Afghanistan, Algerie, Bangladesh, Mauritania, Pakistan, Saudi-Arabia og Turkmenistan. Det libyske flagget er heilt grønt.

I den kristne kyrkja er grøn ein av dei liturgiske fargane. Han blir brukt som normalfarge, for å symbolisera håp og vekst.

Nasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Grønt er fargen til øya Irland, som gjerne blir kalla smaragdøya på grunn av dei mange grøne markene sine. Fargen blir brukt både av Republikken Irland, til dømes på postkassar, og av utvandra irar, som på St. Patrick-dagen.