Aksjelova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aksjelova (Lov om aksjeselskaper) er lov av 13. juni 1997 nr 44, som har reglar om vanlege aksjeselskap.

Aksjelova skal ikkje forvekslast med Almennaksjelova, Lov om allmennaksjeselskaper, lova av 13. juni 1997 nr 45. Almennaksjelova gjeld for aksjeselskap som i vedtektene kallar seg eit allmennaksjeselskap, og som har ein aksjekapital på minst kr 1.000.000.

Den vanlege aksjelova gjeld for dei aksjeselskapa som ikkje er omfatta av allmennaksjelova. Desse vanlege mindre aksjeselskapa må ha ein aksjekapital på minst kr 100.000.

Dei to lovene er for det meste heilt like, men med nokre strengare reglar for allmenaksjeselskapa.

Dei to lovene avløyste tidlegare aksjelover, den siste av 4. juni 1976 nr 59. Dei to nye lovene vart iverksett (trådde i kraft) 1. januar 1999.

Aksjelova gjeld for selskap der ingen av deltakarane har ansvar for selskapet sine forpliktelsar, udelt eller for delar som til saman utgjer selskapet sine samla forpliktelsar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]