Aksjeselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit aksjeselskap (på tradisjonell nynorsk lutlag) i Noreg (forkorta AS, trad. nyno. LL) er eit selskap der eigarane har skote inn aksjekapital (trad. nyno. «lutmidel»). Den innskotne kapitalen gir rett til andelar i selskapet i form av aksjar (trad. nyno. «luter») i selskapet. Aksjeselskap blir regulert av aksjelova.

Eigarane har ikkje noko personleg ansvar for selskapet utover den aksjekapitalen dei har skote inn i selskapet. Dette gjeld uansett om aksjeselskapet har berre ein eller fleire eigarar.

Eit aksjeselskap er såleis eit selskap med begrensa ansvar. Dette står i motsetning til eit ansvarleg selskap, der eigarane heftar for selskapet si gjeld antan fullt ut eller for delar.

Eit aksjeselskap skal ha ein aksjekapital på minimum 30 000 kroner. Han skal vere fordelt likt på éin eller fleire aksjar.

Eit allmennaksjeselskap (forkorta ASA) er ei nemning for aksjeselskap med vanlegvis mange eigarar. I eit allmennaksjeselskap kan aksjar ofte teiknast av eller seljast til ein ubestemd krins – allmenta. Eit allmennaksjeselskap må ha aksjekapital på minst 1 000 000 kroner, eit styre på minst tre medlemmer og ein dagleg leiar. Allmennaksjeselskap blir regulert av Allmennaksjelova.

I Noreg kan aksjeselskap noterastOslo Børs. Det er opp til selskapet sjølv å søkje om dette, men selskapet må oppfylle gjeldande krav som mellom anna omfattar antal eigarar, antal aksjar og storleik. Når eit aksjeselskap ynskjer å bli notert på børsen er dette for å få tilgang til ein større marknad for aksjen og enklare tilgang til kapital ved emisjon.