Akunnaaq
| Akunnaaq | |||
| busetnad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kommune | Qeqertalik kommune | ||
| Folketal | 82 (2016) | ||
![]() Akunnaaq 68°44′37″N 52°19′43″W / 68.743611111111°N 52.328611111111°W | |||
| Wikimedia Commons: Akunnaaq | |||
Akunnaaq er ei bygd i Qeqertalik kommune på vestkysten av Grønland. Bygda hadde 85 innbyggarar i 2018.[1]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Akunnaaq betyr «staden imellom».[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Akunnaaq ligg aust på den rundt 11 km² store øya Akunnaap Nunaa sør i Diskobukta.[2] Bygda ligg 23 km nordaust for Aasiaat.
Akunnaaq hamn er islagd frå desember/januar til april/mai.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden Akunnaaq blei grunnlagd i 1850.[2] Det har budd folk i dette området tidlegare òg. I 1799 fanst det planar om å folkesetja staden, på grunn av den ideelle plasseringa hans i forhold til fiske, men sidan plassen hadde ein kopparepidemi nokre år tidlegare var det få som ville flytta dit.[2] Dei som bur her i dag er etterkommarar etter dei som flytta hit i 1850. I 1915 hadde talet innbyggarar her auka til 116.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringsvegen i Akunnaaq er i hovudsak torskefiske og fangst.[2] Akunnaaq har ei hamn eigd av den grønlands sjølvstyresmakta, og det er eit fiskemottak her. Fisken blir salta før han blir utført. Det blir òg drive med produksjon av steinbitrogn.[2]
Akunnaaq blir tent av bygdeskipsruta til Royal Arctic Line.[2]
Folkeskulen i bygda heiter Aadap atuarfia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Befolkningen i lokaliteterne 1. Januar 1977-2018 Arkivert 24. juli 2018 på Wayback Machine., Statistikbanken, Grønlands Statistik.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 «Akunnaaq», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Akunnaaq» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2023.
