Aléxis Tsípras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexis Tsipras i 2012.

Aléxis Tsípras, gresk Αλέξης Τσίπρας, (fødd 28. juli 1974) er ein gresk politikar, leiar for det politiske partiet SYRIZA og dette partiets gruppe i det greske parlamentet.

Tsípras er fødd i Aten, vart utdanna i 2000 som sivilingeniør på det nasjonale polytekniske universitetet i denne byen, Εθνικό Μετσόβιο Πολυτεχνείο. Han held deretter fram med studiar i arealplanlegging ved dette universitetet samstundes som han arbeida som bygningsingeniør.

Frå slutten av 1980-åra hadde Tsípras vorte oppteke av politikk og engasjerte seg i den greske ungkommunistrørsla. På byrjinga av 1990-talet var han politisk aktiv i elevmotstanden mot den kontroversielle lovgjevinga som dåverande minister for utdanning og religiøse spørsmål, Vasilis Kontogiannopoulos, stod bak. Som universtetsstudent var han likeeins aktiv på venstresida i studentpolitikken og mellom anna tillitsvalt til sentralkomiteen i den nasjonale greske studentunionen.

I 1999 vart Tsípras valt som sekretær i ungdomsorgansisasjonen til det politiske partiet Synaspismos, «Venstrekoalisjonen for folkerørsler og økologi», eit gamalt politisk parti som tok part i den radikale venstrealliasen SYRIZA som det største partiet i alliansen. På Synaspismos fjerde kongress i desember 2004 vart han valt inn i den sentrale politiske komiteen i partiet, og fekk med utdanning og ungdomspolitikk å gjere. I lokalvalet i 2006 stilte han som ordførarkandidat i Aten på lista Open by (Ανοιχτή Πόλη), støtta av Synaspismos og heile SYRIZA-alliasen. Dette var Tsípras eigenlege debut på den ordinære politiske arenaen. Under partiet Synaspismos femte kongress i 2008 vart han valt til president for dette partiet. I ein alder av 33 år vart han med dette den yngste som nokon gong hadde vorte valt som den fremste i eit parlamentarisk politisk parti i Hellas.

Eter at parlamentsvalet 25. januar 2015 gav partiet SYRIZA 36,34 prosent av røystene og 149 mandatar i parlamentet, altså nesten halvparten av dei 300 plassane, vart Tsípras statsministar i Hellas frå 26. januar 2015.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om ALEXIS TSIPRAS på internettsida til Synaspismos.