Al-Qurain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 29°11′48″N 48°4′14″E
Al-Qurain
by
Land Flag of Kuwait.svg Kuwait
Guvernement Mubarak Al-Kabeer guvernement
Koordinatar 29°11′48″N 48°4′14″E
Kuwait location map.svg
Locator Red.svg

Al-Qurain (arabisk القرين) er ein by i Kuwait i Mubarak Al-Kabeer guvernement. Namnet er òg eit eldre namn på staten Kuwait.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Qurain martyrmusem i 2010

Al-Qurain martyrmusem ligg i forstaden. Den 24. februar 1991 hadde 19 unge kuwaitiske menn frå motstandsgruppa Messila væpna seg sjølv og var klare til å slå til mot den invaderande irakiske hæren. Ein irakisk patrulje kom over mennene og dei to sidene hamna i ein ti timar lang kamp. Dei kuwaitiske mennene måtte til slutt gje seg. Av dei nitten vart sju alvorleg skadd og tolv vart drepne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]