Kuwait

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
دولة الكويت
Dawlat al Kuwayt

(norsk: Kuwait, kuwaitisk)

Det kuwaitiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Al-nasheed al-watani»
Motto For Kuwait
Geografisk plassering av Kuwait
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Kuwait by
Styresett
Monarki
Sabah Al-Ahmad Al-Jaber Al-Sabah
Nasser Al-Mohammed Al-Ahmed Al-Sabah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 818 km² (154.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
2 646 314 (139.)
2 041 961
148,5 /km² (57.)
Sjølvstende
Erklært frå Storbritannia
19. juni 1961
Nasjonaldag 25. februar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
144 300 mill. USD (58.)
51 700 USD (6.)
Valuta Kuwaitisk dinar (KWD)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +965
Toppnivådomene .kw


Kuwait er ein liten sjølvstendig stat ved Persiabukta i Midtausten. Landet grensar opp mot Saudi-Arabia i sør og Irak i nord. Kuwait er kjent for å har rike petroleumsressursar.

Etter at Irak hevda at landet var den nittande provinsen i landet blei Kuwait invadert i 1990, noko som starta Gulfkrigen.

Kart over Kuwait

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kuwait er eit ørkenland med ein årleg nedbørsnormal på rundt 125 mm. Det meste av regnet kjem mellom november og mars, og det er svært få nedbørsdagar. Vinteren er mild, men ein kan få kjølige forhold av og til når vind frå nord eller nordvest fører med seg kaldluft frå Iran eller Irak, stundom ned mot 0 °C. Sommaren er svært varm og temperaturen kan bli svært høg når varm vind bles frå dei indre områda av Arabia, ofte over 50 °C. På kysten er temperaturane berre litt lågare enn i dei indre områda, men varmen kjennest endå meir ubehageleg på grunn av den høge luftfukta. I tillegg kan Kuwait innimellom bli råka av sandstormar når kraftig vind bles frå dei indre områda.

Satellittbilete av Kuwait frå november 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kuwait
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Kuwait» på Wikipedia på bokmål/riksmål.