Al Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Al Anderson
Al Anderson1978.png
Fødd11. oktober 1950 (68 år)
FødestadNew York City i USA
FødenamnAlbert Anderson
OpphavUSA
AktivSidan 1969
SjangerReggae, rock
InstrumentGitar, perkusjon
Tilknytte artistarBob Marley & The Wailers, The Wailers Band, Peter Tosh, Black Uhuru, Lauryn Hill, Ben Harper, The Centurions, Traffic, UB40 The Original Wailers
Verka somLåtskrivar, gitarist

Albert «Al» Anderson (fødd 11. oktober 1950)[1] er ein amerikanskfødd låtskrivar og gitarist.

Anderson voks opp i Montclair i New Jersey og gjekk sidan på Berklee College of Music samstundes med Pat Metheny og Al DiMeola etter å ha arbeidd med ei tidleg utgåve av Aerosmith.[1] Han vart med i The Centurions, som fanga merksemda til Chris Wood i Traffic, og han vart invitert til å spele på ådet neste albumet deira.[1] Bidraga på Traffic-albumet vart aldri noko av, men førte til at Andersen vart tilsett av plateselskapet til Traffic, Island Records, og han vart spurt om å spele sologitar på Bob Marley & The Wailers sitt Natty Dread.[1] Anderson spelte sologitar på «Crazy Baldhead» og på Live!, og vart verande med bandet fram til 1976, då han vart med i Word, Sound and Power, og akkompagnerte Peter Tosh på albuma Legalize It og Equal Rights. Han vendte attende til bandet til Marley og spelte på Survival og Uprising.[1] Etter Marley døydde heldt Anderson fram med å turnere med The Wailers Band. Anderson spelte sidan med Ben Harper (Diamonds On the Inside (2003)) og Lauryn Hill på debutplata The Miseducation of Lauryn Hill. Han produserte og spelte òg på albumet til skodespelaren Steven Seagal (Songs from the Crystal Cave (2005)). I 2008 skipa han bandet The Original Wailers med Junior Marvin.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Larkin, Colin (1998) The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9, p.11