Al Futaisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Futaisi
øy
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 24°21′N 54°19′E
Areal 50 km²

Al Futaisi
24°21′29″ N 54°18′43″ E
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg

Al Futaisi (arabisk الفطيسي) er ei øy kring åtte kilometer sørvest for Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata med eit areal på kring 50 km².

Den største delen av øya, som er 10 km lang og 5 km brei, er omfatta av eit viltreservat, men òg ein ferestad for økoturisme.

Ein har oppdaga gamle brunnar, ein gammal moské og ein gravplass som syner at det har budd folk på Futaisi i fleire hundreår.[1] Øya har ikkje i dag noko ferskvatn, men har likevel planter og dyr, som sjøku, fiskeørn, øgler (uromastyx) og gaseller.[2]

Futaisi har ikkje fastlandssamband, men ein liten flyplass og ei båthamn.

Eigaren av øya, Hamad bin Hamdan Al Nahyan, bygde ein vassveg forma som latinske bokstavar, sør for øya, som stava ordet 'HAMAD'. Kvar bokstav var nesten 500 meter lang og kanalen 44 meter brei. Ordet var synleg frå lufta og satellittbilete. Prosjektet vart skrinlagd og vassvegen vart fylt att i løpet av 2013.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 2012-06-16, henta 6. juni 2016 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2016-04-04, henta 6. juni 2016 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 2013-10-12, henta 6. juni 2016