Alalcomenaeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alalcomenaeus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Megacheira
Orden: Leanchoiliida
Familie: Leanchoiliidae
Slekt: Alalcomenaeus
Simonetta, 1970

Alalcomenaeus er ei utdøydd leddyrslekt frå under- og mellomkambrium. Slekta inneheld éi art; Alalcomenaeus cambricus Simonetta. Dyret kunne verta opp mot 6 cm langt og hadde eit halvsirkelforma hovudskjold, 12 kroppledd og ei padleåreaktig halevifte (telson). Det første beinparet var utvikla som såkalla «great appendages» (to store kloberande «bein» fremst på hovudet) med berre eitt langt «følehorn» i motsetnad til Actaeus som hadde tre følehorn. Slekta vert gruppert med andre kambriske arthropodar som òg har slike store første beinpar, som Anomalocaris og Opabinia. Denne gruppa er truleg i slekt med Arachnomorpha (edderkoppar, skorpionar og dolkhalar). Dei er kjend i meir enn 600 eksemplar frå den mellomkambriske Burgess Shale i British Columbia i Canada, men òg frå Utah i USA og Chenjiang i Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]