Skorpionar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skorpionar
Keisarskorpion (Pandinus imperator)
Keisarskorpion (Pandinus imperator)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Overrekkje: Ecdysozoa
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Underklasse: Dromopoda
Orden: Skorpionar Scorpiones
Koch, 1837

Skorpionar (Scorpiones) er ei gruppe primitive edderkoppdyr som lever i varme strok over heile verda. Det er kjend om lag 1 200 nolevande artar, og dei kan finnast frå regnskog til ørkenar. Alle artane er rovdyr som fangar byttet sitt med ein giftpigg dei har på halen.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skorpionar kan ha ei lengd frå 1,3 til omtrent 20 cm. Bakkroppen består av ein brei, fremre del og ein smalare, bakre del som endar i ein giftbrodd. Dei held halen med giftbrodden løfa i ein boge over kroppen. Med giftbrodden kan dei stikka insekt eller edderkoppar som dei drep og et, eller fiendar som angrip dei.[2]

Skoprionane har fire par bein med klør, og framfor desse eit par fleriledda munnføter (pedipalpar) med store klosakser, som dei held sitt byttet sitt fast med. Heilt framme sit to små, tangforma chelicerar, som riv byttet sund før dei mjuke delane blir sogne opp. Gifta er øyeblikkeleg drepande for dei fleste insekter, og er også døydeleg for fuglar og mange pattedyr, og nokre artar kan vera døydelege for menneske. Hjå desse er gifta ei nervegift som blant anna kan lamma andedrettsorgana.[2]

Skorpionar er asosiale, lyssky dyr som er i aktivitet om natta. Dei føder ungar som hoa ber på ryggen fram til dei har gått gjennom første hudskifte.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
  2. 2,0 2,1 2,2 «skorpioner». Store norske leksikon (på norsk). 8. mai 2019. 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.