Alan Tew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Tew
Fødd1950-åra
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Tilknytte artistarLen Turner
Cat Stevens
Verka somKomponist, arrangør

Alan Tew er ein britisk komponist og arrangør.[1]

Han byrja i 1950-åra som pianist og arrangør for Len Turner Band i London.

Tew er kjent som komponist av bibliotekmusikk, inkludert kjenningsmelodiane til britiske TV-program, Doctor in the House kalla «Bond Street Parade», og ...And Mother Makes Three. Han komponerte òg all musikken til 1975-serien The Hanged Man, og noko vart brukt som underhaldningsmusikk til The Two Ronnies, The Sweeney, SpongeBob SquarePants og Blaxploitation-parodien Black Dynamite frå 2009. Eit av kutta komponert for The Hanged Man, med tittelen «The Big One», skulle til slutt bli brukt som tema og kjenningsmusikk for den amerikanske TV-serien The People's Court. «The Big One» kom òg til å bli brukt i ein episode av den britiske detektivserien Van der Valk, og dessutan dei erotiske filmane Barbara Broadcast (1977), The Satisfiers of Alpha Blue (1980) og Malibu High (1979).

Tew leidde òg sitt eige orkester, The Alan Tew Orchestra, og samarbeidde med Cat Stevens.

I løpet av karrieren sin laga Tew ei rekkje orkesteralbum med CBS Records, som The Magnificent Westerns (1969).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alan Tew». BBC Music. Henta 23. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]