Discogs
Utsjånad
Discogs (forkorting for discographies, ’diskografiar’) er ein nettstad og ein database med informasjon om musikkinnspelingar.[1] Det har hovudkontor i Portland i Oregon i USA.[2] Discogs blei oppretta i oktober 2000 av Kevin Lewandowski som ein database over hans private platesamling.[3][4]
Discogs og serverane hans tilhøyrer Zink Media, Inc.[5]
Databasen omfattar kommersielle plater, promoplater, somme bootleginnspelingar og digitale filer.[6]
Opphavleg var berre utgjevingar i sjangeren elektronisk musikk tekne med, men databasen opna seinare for alle typar musikk.[7] I januar 2018 omfatta databasen 17 000 000 utgjevingar.[8] Nettstaden har kring 7 millionar brukarar kvar månad.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Discogs» frå Wikipedia på bokmål, og «Discogs» frå Wikipedia på svensk den 6. desember 2019.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Fotnotar
- ↑ Discogs.com/about Henta 1. mars 2017.
- ↑ Discogs.com/jobs Henta 1. mars 2017.
- ↑ Carnes, Richard (26. mars 2010). «Discogs: Vinyl revolution». residentadvisor. Henta 9. april 2015.
- ↑ «About Discogs». Discogs. Henta 9. april 2015.
- ↑ Wirototheear.com Henta 1. mars 2017.
- ↑ Discogs.com/help Läst 31 januari 2018.
- ↑ "What/Why v2.0?" Henta 1. mars 2017.
- ↑ «About Us». www.discogs.com. Henta 31. januar 2018.
- ↑ «Team». www.discogs.com. Henta 18. mai 2016.