Albertine Sarrazin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albertine Sarrazin
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. september 1937
Alger
Død

10. juli 1967 (29 år)
Montpellier

Yrke skribent, lyrikar, prostituert
Språk fransk

Albertine Sarrazin (17. september 193710. juli 1967) var ein algerisk-fransk forfattar som særleg er kjend for den delvis sjølvbiografiske romanen sin Astragal. Ho skreiv Astragal medan ho sat i fengsel for væpna ran i Fresnes. Boka har fått kultstatus, og kom ut på nytt i 2014 på engelsk med eit forord av Patti Smith.[1] Ho blei òg nyomsett til norsk i 2017.

Sarrazin vart fødd i Algerie. Ho blei teken hand om av barnevernet, og så adoptert av ein familie i Aix-en-Provence. Ho levde eit tøft liv med prostitusjon og kriminalitet. Samtidig var ho svært interessert i kunst og litteratur. Ho døydde berre 29 år gammal etter ein mislykka nyreoperasjon.

I ein omtale i Svenska Dagbladet plasserte Margit Richert Sarrazin blant forfattarar som Marguerite Duras (med romanen Elskeren) og Françoise Sagan (med romanen Bonjour Tristesse), og konstaterte at dei hadde bidratt til at «Frankrike torde vara ett av världens främsta exportländer av frihetstörstande kvinnoporträtt.»

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • La Cavale (Jean-Jacques Pauvert, 1965). Filmatisert av Michel Mitrani i 1971.
  • L'Astragale (Jean-Jacques Pauvert, 1965). Filmatisert av Guy Casaril i 1969, og av Brigitte Sy i 2015.
    • Bruddet (på norsk bokmål). Sett om av Herberg, Margaret. Gyldendal. 1979. 
    • Astragalen (på norsk bokmål). Sett om av Øye, Agnete. Cappelen Damm. 2017. 
  • La Traversière (Jean-Jacques Pauvert, 1966)
  • Romans, lettres et poèmes (Jean-Jacques Pauvert, 1969)
  • Poèmes (Jean-Jacques Pauvert, 1969)
  • Lettres à Julien (Pauvert, 1971)
  • Le Times, journal de prison 1959 (éditions Sarrazin, 1972). Réédition, Les éditions du Chemin de fer, 2013.
  • la Crèche, Bibiche, l'Affaire Saint-Jus, le Laveur (nouvelles, éditions Sarrazin, 1973).
  • Lettres de la vie littéraire (Pauvert, 1974)
  • Le Passe-Peine (Julliard, 1976)
  • Biftons de prison (1976)
  • Bibiche, vu par Annabelle Guetatra, Les éditions du Chemin de fer, 2012.
  • Affaire Saint-Jus et autres nouvelles de prison (Le laveur, Affaire Saint-Jus, La crèche), éditions du Chemin de fer, 2019.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sarrazin förstod det Sartre aldrig begrep». Svenska Dagbladet. 16. august 2015.