Albertkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albertkanalen ved Eben Emael, ein viktig strategisk stad ved utbrotet av andre verdskrigen.

Albertkanalen er ein kanal i det nordlege Belgia oppkalla etter Albert I av Belgia. Kanalen knyter saman byane Antwerpen og Liège og elvene Maas og Schelde. Kanalen har ei seglingsdjupne på 3,40 meter, fri seglingshøgd på 6,70 meter og ei total lengd på 129,5 kilometer. Den maksimale kapasiteten til kanalen er ein lekter på 10 000 tonn. Kanalen vart konstruert i åra 1930-39 og vart første gong brukt i 1940.

Ved utbrotet av andre verdskrigen danna kanalen eit viktig forsvarsverk for Belgia mot eit tysk åtak mot landet. I 2005 vart kanalen nytta av i alt 34 117 fartøy med total last på 22,5 millionar tonn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]