Liège
| Liège | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
| Land Region Provins |
Belgia Vallonia Liège | ||||
| Grunnlagd | 558 | ||||
| Flatevidd | 68,65 km² | ||||
| Flatevidd • By |
69,39 km² | ||||
| Innbyggjarar • By (2006) - folketettleik • Storbyområde |
187 086 2 696/km² 600 000 | ||||
| Koordinatar | 50°39′N 05°34′E / 50.650°N 5.567°E | ||||
| Høgd | 66 m | ||||
| Tidssone • Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||||
| Nettstad: http://www.liege.be/ | |||||
|
| |||||
Liège (vallonsk Lîdje, nederlandsk Luik, tysk Lüttich) er ein stor by i Belgia og ein kommune i Vallonia og Liège. Byen ligg ved elva Maas nær Belgia si grense mot Nederland og Tyskland, der Maas møter elva Ourthe
Liège er den største og viktigaste byen i Vallonia, den fransktalande delen av Belgia. Kommunen Liège inkluderer dei tidlegare kommunane Angleur, Bressoux, Chênée, Glain, Grivegnée, Jupille-sur-Meuse, Rocourt og Wandre.
Sjølve byen Liège hadde i 2006 opp mot 190 000 innbyggjarar, men i området rundt Liège bur det rundt 600 000. Byen er eit av dei store økonomiske og kulturelle sentra i Vallonia, og innbyggjarane er hovudsakleg fransktalande. I tillegg er byen ein stor studentby med meir enn 24 skular og totalt 42 000 studentar (inkludert Universitet i Liège, som vart grunnlagd i 1817, som har 17 000 studentar).
Det var busetnadar her alt i romartida, og Liège vart først nemnd i 558 som Vicus Leudicus.
Åtaket i 2011
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Åtaket i Liège 2011.
13. desember 2011 vart fem personar drepne og 125 vart skadde då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrte skot mot sivile på Place Saint-Lambert.

