Albrecht Unsöld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albrecht Unsöld
Fødd20. april 1905
Bolheim
Død23. september 1995
NasjonalitetTyskland
Yrkefysikar, astronom, astrofysikar, universitetslærar
InstitusjonarChristian-Albrechts-Universität zu Kiel
Alma materUniversitetet i Tübingen
Ludwig-Maximilians-Universität München
DoktorgradsrettleiarArnold Sommerfeld
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det bayerske vitskapsakademiet
Astronomische Gesellschaft
AMV Stochdorphia Tübingen

Albrecht Otto Johannes Unsöld (20. april 190523. september 1995) var ein tysk astrofysikar.

Han vart professor i Kiel i 1932. Han arbeidde med teorien for stjernespekter, stjerneatmosfærer, solfysikk og radioastronomi. Hans Physik der Sternatmosphären (1938, 2. utg. 1955) var i mange år den viktigaste handboka for alle som arbeidde med dei ytre, observerbare delane av sola og stjernene. Mykje utbreidd er òg Der neue Kosmos (3. utg. 1981, 3. eng. utg. 1983).

Han fekk i 1956 Brucemedaljen og i 1967 gullmedaljen til Royal Astronomical Society. Asteroiden 2842 Unsöld er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]