Astronom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astronomen Carolyn Shoemaker med eit stort teleskop. (Foto: Gene Shoemaker)

Ein astronom er ein som jobbar med astronomi som forskingsfelt.

Ein astronom granskar stjerner, planetar og anna som finst i universet. Målet kan vera å

  • oppdaga nye himmellekamar. Mange amatørar tek fram teleskopet om natta for å følgja med på kva som skjer, og for kanskje å oppdaga noko nytt der oppe som ingen har sett før. Andre granskar bilete som er teken med dei større teleskopa og kan oppdaga dei same tinga.
  • finna ut korleis universet verkar. Ein kan til dømes undersøkja sola for å finna ut korleis stjerner verkar eller rekna på korleis ting var då universet blei til.