Aleksandr Benois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. november 2009 kl. 18:39 av Migne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «thumb|277px|right|[[Leon Bakst:''Portrett av Aleksandr Benois'', 1898]] '''Aleksandr Nikolajevitsj Benois''' (russisk: Алекса́ндр Никол...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Leon Bakst:Portrett av Aleksandr Benois, 1898

Aleksandr Nikolajevitsj Benois (russisk: Алекса́ндр Никола́евич Бенуа) 3. mai 18709. februar 1960 var ein russisk kunstnar, kunstkritikar og -historikar. Han var ein av dei som grunnla kunstrørsla Mir iskusstva. På moderne ballett- og scenekunst hadde han grunnleggjande innverknad.

Liv og gjerning

Fleire personar av Benois-slekta var leiande aktørar i den russiske intelligentsiaen på 1800-talet og på tidleg 1900-tal. Aleksandr sin far Nikolaj Benois og broren Leon Benois var kjende arkitektar. Aleksandr satsa på ein leveveg innom jus, han tok eksamen ved juridisk institutt på universitetet i St. Petersburg i 1894. Tre år seinare, under eit opphald i Versailles, måla han ein serie med akvarellar som skildra franskekongen Ludvig XIV sine siste promendar. Pavel Tretjakov stilte ut akvarellane i 1897, dei vart då lagt til merke av både Sergej Djagilev og Leon Bakst. Saman grunnla dei tre kunstmagasinet og -rørsla Mir iskusstva, med målsetjing om å fremje estetismen og Art Nouveau (jugendstil) i Russland.

Fil:Benoisoldiers.jpg
Katarina den stores soldatar

Gjennom det fyrste tiåret av det nye hundreåret heldt Benois fram med å redigere Mir iskusstva, men dreiv også å forska på kunst. Han førebudde og fekk trykt fleire monografiar om 1800-tals russisk kunst og om Tsarskoje Selo. Frå 1918 til 1926 styrte han galleriet med dei gamle meistrane i Eremitasjen. Mellom anna sikra han Eremitasjen broren sitt arvestykke, Leonardo da Vincis måleri Madonna Benois. I 1903 fekk han trykt sine illustrasjonar til Pusjkins dikt Bronseryttaren, verk som sidan er anerkjend som eit av landemerka i sjangeren.

I det tyske kvarter, 1911

I 1901 vart Benois utnemnd til leiar for sceneutforminga i Mariinskij-teatret. Etter dette vigde han størsteparten av si tid til teatermåling, -dekorasjon med vidare. Kostymane og kulissane til Ballets Russes sine oppsetjingar av Les Sylphides (1909), Giselle (1910), og Petrusjka (1911) er rekna mellom hans største prestasjonar. Sjølv om han i hovudsak arbeidde i lag med Djagilev og Ballets Russes, samarbeidde han på same tid med Moskva kunstteater og andre kjende teater i Europa.

Han memoarar vart publisert i to band i 1955.