Aleksandr Benois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Benois
Benua Bakst.jpg
Fødd 21. april 1870 (juliansk)
St. Petersburg
Død

9. februar 1960
Paris

Yrke kunstmålar, skribent, koreograf, kunsthistorikar, librettist
Aleksandr Benois på Commons

Aleksandr Nikolajevitsj Benois[1] (3. mai 18709. februar 1960) var ein russisk kunstnar, kunstkritikar og -historikar. Han var ein av dei som grunnla kunstrørsla Mir iskusstva. På moderne ballett- og scenekunst hadde han grunnleggjande innverknad.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Benois vart fødd i St. Petersburg. Fleire personar av Benois-slekta var leiande aktørar i den russiske intelligentsiaen på 1800-talet og på tidleg 1900-tal. Aleksandr sin far Nikolaj Benois og broren Leon Benois var kjende arkitektar. Aleksandr satsa på ein leveveg innom jus, han tok eksamen ved juridisk institutt på universitetet i St. Petersburg i 1894. Tre år seinare, under eit opphald i Versailles, måla han ein serie med akvarellar som skildra franskekongen Ludvig XIV sine siste promendar. Pavel Tretjakov stilte ut akvarellane i 1897, dei vart då lagt til merke av både Sergej Djagilev og Leon Bakst. Saman grunnla dei tre kunstmagasinet og -rørsla Mir iskusstva, med målsetjing om å fremje estetismen og Art Nouveau (jugendstil) i Russland.

Gjennom det fyrste tiåret av det nye hundreåret heldt Benois fram med å redigere Mir iskusstva, men dreiv også å forska på kunst. Han førebudde og fekk trykt fleire monografiar om 1800-tals russisk kunst og om Tsarskoje Selo. Frå 1918 til 1926 styrte han galleriet med dei gamle meistrane i Eremitasjen. Mellom anna sikra han Eremitasjen broren sitt arvestykke, Leonardo da Vincis måleri Madonna Benois. I 1903 fekk han trykt sine illustrasjonar til Pusjkins dikt Bronseryttaren, verk som sidan er anerkjend som eit av landemerka i sjangeren.

'I det tyske kvarter', 1911

I 1901 vart Benois utnemnd til leiar for sceneutforminga i Mariinskij-teateret. Etter dette vigde han størsteparten av si tid til teatermåling, -dekorasjon med vidare. Kostymane og kulissane til Ballets Russes sine oppsetjingar av Les Sylphides (1909), Giselle (1910), og Petrusjka (1911) er rekna mellom hans største prestasjonar. Sjølv om han i hovudsak arbeidde i lag med Djagilev og Ballets Russes, samarbeidde han på same tid med Moskva kunstteater og andre kjende teater i Europa.

Memoarane hans i to band vart gjevne ut i 1955.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. russisk Алекса́ндр Никола́евич Бенуа