Aleksej Kasatonov
| Aleksej Kasatonov | |
| Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
| Fødd | 14. oktober 1959 (66 år) St. Petersburg |
| Idrett | ishockey |
| Tok del i | Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980 |
| Utmerkingar | Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, Arbeidets røde fanes orden, Medaljen for utmerket arbeid, Hedret mester i idrett av Sovjetunionen, Aleksander Nevskij-ordenen, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden |
Aleksej Viktorovitsj Kasatonov (fødd 14. oktober 1959) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar fødd i dåverande Leningrad. Han vann i tida 1981-89 fem VM-pokalar med Sovjetunionen og vart elles olympisk meister i 1984 og 1988.
Forsvarsspelaren Kasatonov vart verdsmeister 1981-83, 1986 og 1989 med det sovjetiske ishockeylandslaget. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo var han med om å vinne gullmedaljen, ein prestasjon han og laget gjentok ved Vinter-OL 1988 i Calgary.
Kasatonov var aktiv på laget frå heimbyen, SKA Leningrad, frå 1977 til -79. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva, den suverene einaren i det sovjetiske seriesystemet. Frå 1990 til 1996 spelte han ishockey i Nord-Amerika, lengst med New Jersey Devils åra 1990-93 og Boston Bruins 1994-96. Kasatonov avslutta si tid som aktiv spelar i 1997, etter ein siste sesong på CSKA Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alexei Wiktorowitsch Kassatonow» frå Wikipedia på tysk, den 22. november 2019.
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Sovjetiske ishockeyspelarar
- Russiske ishockeyspelarar
- Olympiske medaljevinnarar i ishockey
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984
- Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988
- Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988