Sarajevo
| Sarajevo Сарајево | |||
| by | |||
Utsyn over gamlebyen i Sarajevo | |||
|
|||
| Kallenamn: Den olympiske byen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderal eining («entitet») |
Føderasjonen Bosnia-Hercegovina Den bosniske serbarrepublikken | ||
| Kanton | Kantonen Sarajevo | ||
| Kommune | Sarajevo–Centar Sarajevo–Novi Grad Sarajevo–Novo Sarajevo Sarajevo–Stari Grad Ilidža | ||
| Høgd | 500 m | ||
| Areal | 141,5 km² | ||
| Folketal | 334 722 (2013[1]) | ||
| • storby | 413 593 | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
![]() Sarajevo 43°51′23″N 18°24′47″E / 43.856388888889°N 18.413055555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Sarajevo | |||
Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på vel 330 000 i 2013. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundreår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken, vart den moderne byen til som ein ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til å vere hovudstad for staten Bosnia-Hercegovina er byen etter Daytonavtalen[4] òg hovudstad i båe dei føderale einingane («entitetane») Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska). I praksis er likevel serbarrepublikken styrt med Banja Luka som de facto hovudstad.
Administrativt er byen delt i dei fire kommunane Centar, Novi Grad, Novo Sarajevo og Stari Grad. Ved folketeljinga i 2013 er òg kommunen Ilidža, som tidlegare var rekna som ein separat busetnad, rekna inn som ein bydel i Sarajevo.
Til storbyområdet for Sarajevo reknar ein heile kantonen Sarajevo, som er ein av dei ti kantonane som den føderale eininga Føderasjonen Bosnia-Hercegovina er delt inn i. I tillegg til dei fem kommunane innanfor sjølve byen, er då òg kommunane Hadžići, Ilijaš, Trnovo og Vogošća rekna med.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i bydelane ved dei siste folketeljingane var:[1]
| Kommune | Folketal 1991 | Folketal 2013 |
|---|---|---|
| Bydelen Centar | 76 771 | 53 081 |
| Bydelen Novi Grad | 133 502 | 117 822 |
| Bydelen Novo Sarajevo | 90 780 | 63 952 |
| Bydelen Stari Grad | 48 744 | 36 339 |
| Bydelen Ilidža | 59 344 | 63 528 |
| Sarajevo by | 409 141 | 334 722 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
- ↑ Kelley, Steve. «Rising Sarajevo finds hope again». The Seattle Times.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.

