Alenka Bratušek
Alenka Bratušek | |
![]() | |
Fødd | 31. mars 1970 (53 år) Celje |
---|---|
Statsborgar av | Slovenia |
Parti | Pozitivna Slovenija |
Yrke | politikar, samfunnsøkonom |
Utdanna ved | Universitetet i Ljubljana |
Verv | Statsminister i Slovenia 2013–2014 |
Føregangar | Janez Janša |
Etterfylgjar | Miro Cerar |
Alle verv |
Alenka Bratušek (fødd 31. mars 1970 i Celje) er ein slovensk politikar som representerer Pozitivna Slovenija (PS). Ho var statsminister frå februar 2013 til september 2014,[1] og var den fyrste kvinnelege statsministeren i Slovenia sidan sjølvstendet i 1991.[2]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Alenka Bratušek har ein mastergrad i administrasjon frå universitetet i Ljubljana. Etter studietida arbeidde ho i seks år som leiar for statsbudsjettdirektoratet ved det slovenske finansdepartementet.
Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]
Bratušek freista å koma inn på nasjonalforsamlinga for partiet Zares i 2008, men utan hell. Under valet i 2011 vart ho innvald som parlamentsmedlem som representant for Pozitivna Slovenija. Sidan dette valet har Bratušek vore formann for parliamentet sin budsjettskontrollkomitté.
I 2013 vart Bratušek sett som midlertidig leiar for Pozitivna Slovenija etter at forgjengaren Zoran Janković trekte seg frå alle verv grunna ein rapport frå komitéen som arbeider mot korrupsjon i landet. Som følgje av den same rapporten vart koalisjonsregjeringa til Janez Janša (det slovenske demokratiske partiet), vist mistillit. Pozitivna Slovenija, Sosialdemokratane, Dei liberale og Pensjonistpartiet bestemte seg for å nytta Bratušek som ny statsministerkandidat. Den 27. februar fekk den politisk ukjende Alenka Bratušek i oppdrag å danna ny regjering i Slovenia i løpet av to veker.[3]
Regjeringa Bratušek stod klar etter ei avrøysting den 20. mars, der 52 av 90 folkerepresentantar røysta for den nye koalisjonsregjeringa. Regjeringa stod framfor store utfordringar grunna økonomiske vanskar i landet.[4]
Privatliv[endre | endre wikiteksten]
Alenka Bratušek er busett i Kranj med sambuaren sin. Ho har ein son og ei dotter.[5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Bratušek, Alenka (1970–)» (på slovensk). Slovenska biografija. Henta 30. august 2023.
- ↑ «Alenka Bratušek | prime minister of Slovenia | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 30. august 2023
- ↑ Frankfurter Allgemeine Zeitung, 27.02.13: Slowenien: Vier Parteien suchen einen Anfang (tysk)
- ↑ Frankfurter Allgemeine Zeitung, 20.03.13: Vier-Parteien-Koalition: Slowenien hat neue Mitte-Links-Regierung (tysk)
- ↑ Interview with Alenka Bratušek, Siol.net, 11. mars 2012, vitja 28. januar 2013
- Denne artikkelen bygger på «Alenka Bratušek» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «mag. Alenka Bratušek» (på engelsk). gov.si.
- «O meni (Om meg)» (på slovensk). alenkabratusek.si.
- «PRIME MINISTER MAG. ALENKA BRATUŠEK» (på engelsk). Office of the Prime Minister of the Republic of Slovenia.