Alexandra av Frederiksborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexandra
Prinsesse Alexandra.jpg
FøddAlexandra Christina Manley
30. juni 1964
Hongkong
TittelGrevinne av Frederiksborg
Alle titlar1995–2005
Prinsesse av Danmark
2005–i dag
Grevinne av Frederiksborg
Fullt namnAlexandra Christina
LandDanmark
MorChrista Maria Nowotny
FarRichard Nigel Manley
Ektefelle1995–2005
Joachim av Danmark
2007–i dag
Martin Jørgensen
BarnPrins Nikolai, Prins Felix

Alexandra (fødd Alexandra Christina Manley30. juni 1964 i Hongkong) er den tidlegare kona til prins Joachim av Danmark. Dei vart gift 18. november 1995, tok ut separasjon 22. september 2004 og vart skilt 8. april 2005.

I samband med fødselsdagen til dronning Margrethe II av Danmark 16. april 2005 vart prinsesse Alexandra tildelt tittelen grevinne av Frederiksborg.

3. mars 2007 vart ho gift med den fleire år yngre Martin Jørgensen. Jørgensen er ein filmfotograf og har vore med på å lage programmar om den danske kongefamilien. Han har frå før ei dotter. Vigsla fann stad i Øster Egede kirke på Sydsjælland. Hennar to søner, prinsane Nikolai av Danmark og Felix av Danmark, var dei einaste frå kongefamilien som var til stades.

Ho er etter bryllaupet ikkje lenger medlem av det danske kongehuset, men held tittelen grevinne av Frederiksborg.

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1964–1995: Alexandra Christina Manley
  • 1995–2005: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark
  • 2005–2007: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark, grevinne av Frederiksborg
  • 2007– i dag: Grevinne Alexandra Christina av Frederiksborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]