Margrethe II av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margrethe II
HM The Queen of Denmark.jpg
Dronning av Danmark
Regjeringstidfrå 14. januar 1972
Fullt namnMargrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid
Fødd16. april 1940 (78 år) i Amalienborg slott i København
FødestadAmalienborg
FøregjengarFrederik IX av Danmark
EtterfølgjarKronprins Frederik av Danmark
Gift medPrins Henrik av Danmark
MottoGuds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke
Born 

Dronning Margrethe II av Danmark (fødd 16. april 1940) har sidan 14. januar 1972 vore regjerande dronning og statssjef i Danmark.

Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.

I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville stemma for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.

Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Mellom ordnane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island
  • 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark
  • 1972– i dag: Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Margrethe II av Danmark
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.