Alf Andreas Øverli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Andreas Øverli
Fødd 1. mars 1919
Mo i Rana
Død

15. august 1979 (60 år)

Yrke politikar

Alf Andreas Øverli (1. mars 191915. august 1979) var ein norsk politikar for Det norske Arbeidarpartiet, fødd på Mo i Rana. Foreldra hans var Maria Jørgine Kristiansdtr og David Kristian Øverli på Moheia i Rana.[1]

I 1951 vart Øverli vald inn i bystyret i Mo i Rana og seinare kom han inn i formannskapet. Øverli var varaordførar (1964-1965), og deretter ordførar i Rana kommune (1965-1976).

Øverli starta sin yrkeskarriere som journalist og akkvisitør i Rana Blad. frå 1960 til 1976 var Alf Andreas Øverli sosialsjef i Mo, sidan Rana, kommune. I august 1983 vart det avduka ein byste av Øverli på Mo i Rana, utferdiga av bilethoggaren Nils Aas.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]