Mo i Rana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mo i Rana
Tettstad
none  Mo i Rana
Mo i Rana
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rana
Areal 13,83 km²
Folketal  18 679 (2015)
Folketettleik 1 351 / km²
Postnummer 8600 MO I RANA
Preposisjon Mo i Rana
Wikimedia Commons: Mo i Rana

Mo i Rana (Sørsamisk Måahvie) er ein by i Rana kommune i Nordland. Det er den fjerde største byen i Nord-Noreg. Mo hadde status som ladested frå 1923 til 1964, og har hatt bystatus frå 1997.

Mo i Rana ligg inst i Ranfjorden, like sør for Saltfjellet og Polarsirkelen. Mo vart tidlegare omtala som «Jernverksbyen». Då Norsk Jernverk vart nedlagd i 1988, gjekk byen gjennom ei omfattande omstilling, og byen vert no marknadsført som «Polarsirkelbyen».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen for Nordlandsbanen ligg ved fjorden, går gjennom byen og deler byen i to. Stasjonen vart opna i mars 1942. På sjøsida ligg den gamle bydelen på Moholmen i tillegg til eit område som på 1990-talet vart fylt ut og bygd ut med hotell, Statens Innkrevingssentral, TAG systems, treningssenter og bustadar. På den andre sida av jernbanen ligg «jernverksbyen» sitt sentrum, med kjøpesentra, rådhus og gågater. Det er vegsamband vidare nordover over Saltfjellet til Fauske og Bodø, og sørover til Mosjøen og Trondheim, mot vest til Nesna, mot aust over Umbukta til Sverige. Det ligg ein flyplassRøssvoll, kring 13 km fra sentrum.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

«Havmannen» er Ranas eigen ‘lille havfrue’, ein del av Skulpturlandskap Nordland, laga av Antony Gormley og avduka 6. mai 1995.

Kjende ranværingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.