Alfred Bester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Bester
Statsborgarskap USA
Fødd 18. desember 1913
Manhattan
Død

30. september 1987 (73 år)
Doylestown

Yrke romanforfattar, skribent, journalist, science fiction-forfattar, manusforfattar
Språk angloamerikansk
Alfred Bester på Commons

Alfred Bester (18. desember 191330. september 1987) var ein amerikansk science fiction-forfattar.[1] Blant dei mest kjente verka hans er romanen The Demolished Man frå 1953. Verket gav han den første Hugo-prisen som blei delt ut.[2]

På norsk føreligg romanen The Stars My Destination (1956) som Mannen som ikke ville dø i omsetjing av Tor Edvin DahlGyldendal Norsk Forlag i 1973. Dessutan er novella «They don't make life like they used to» omsett til «Siste par ut» for antologien Østenfor sol (Bokklubben 1969) og «Fondly Fahrenheit» til «Herlige Celsius» for antologien Jeg - en maskin (Gyldendal Norsk Forlag 1973).

Radioteatret sendte i 1981 ei dramatisering av The Demolished Man i form av høyrespelet Demolisjon.[3] Stykket var omsett og regissert av Nils Nordberg, og hadde blant andre Kai Remlov, Lise Fjeldstad og Sossen Krogh på rollelista.[4]

Referanser[endre | endre wikiteksten]