Hopp til innhald

Alfred Stieglitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Stieglitz

StatsborgarskapUSA
Fødd1. januar 1864
Hoboken
Død

13. juli 1946 (82 år)
New York by

Yrkefotograf, kurator, forleggjar, photography critic, gallerist
Sjangerportrett, byprospekt, landskapsmåleri
Medlem avPhoto-Secession[*], The Linked Ring[*]
EktefelleGeorgia O’Keeffe, Emmeline Stieglitz
BornKatherine Stieglitz
Alfred Stieglitz på Commons

Alfred Stieglitz (1. januar 186413. juli 1946) var ein kjend amerikansk fotograf og gallerieigar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Stieglitz var fødd i Hoboken i New Jersey, og voks opp i New York. Han var den eldste sonen av dei fem barna til den tysk-jødiske innvandraren Edward Stieglitz (1833–1909) og kona hans Hedwig Ann Werner (1845–1922). Faren var løytnant i Union Army, og arbeidde som ullhandlar.[1]

Han studerte fotografi i Berlin, men etter eit dødsfall i familien måtte han venda tilbake til USA. Allereie i tida si i Europa hadde han byrja å gjera seg merka. 

Karriere i USA

[endre | endre wikiteksten]

Etter at han hadde flytta tilbake til New York var Stieglitz både medlem og leiar i fleire fotoklubbar og redaktør i ulike fotografiske blad.

Eit av dei best kjente fotografia hans er «The Steerage» frå 1907, der ein ser klasseforskjellane på dekket av eit transatlantisk dampskip.

Modernismen

[endre | endre wikiteksten]

Stieglitz opna òg eit galleri på Manhattan som han kalla «291». Her stilte han ut både måleri og fotografi. Han var ein av dei fyrste i New York som stilte ut europeisk fotografi. Han introduserte òg publikum i New York for europeiske målarar, afrikansk kunst og amerikanske modernistiske målarar som Georgia O'Keeffe, som han var gift med. Dei budde saman nokre månader i året, men til vanleg budde han i New York og ho i New Mexico.

  1. Alfred Stieglitz. Camera Work. The Complete Photographs 1903–1917. Taschen TMC Art. 1997. s. 8.