Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Berlin
Geografisk plassering

Delstat i Tyskland

Hovudstad Berlin
Flatevidd

 - Rangering i Tyskland

892 km²

14.

Folketal (30.11.2013)

 - Rangering i Tyskland
 - Folketettleik

3 419 623

8.
3 834/km²

Grunnlagd
Offisielle språk Tysk
Borgarmeister Michael Müller (SPD)
Nettstad www.berlin.de
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Collage Berlin

Berlin er hovudstaden og den største byen i Tyskland. Byen er òg ein eigen delstat. Han er eit viktig kulturelt og politisk senter i Europa. Berlin har 3,44 millionar innbyggjarar, om ein tek med forstadene er talet på mellom 4,3 millionar.

Staten Berlin har som sine fargar raudt/kvitt/raudt, og våpenet er ein svart oppreist bjørn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Berlin fekk bystatus i 1240, men det var først med kongeriket Preussen1700-talet at Berlin fekk ei sentral rolle. Kongane av Preussen oppførte ei rad monumentale bygg på 17- og 1800-talet. Den vidgjetne arkitekten Karl Friedrich Schinkel kom til å prega klassisismen sterkt.

Byen vart eit sentrum for politikk og kultur i Europa. Særleg stod kunst, arkeologi og musikk sentralt. Ved danninga av det tyske riket i 1871 vart byen gjort til rikshovudstad. Etter at Den fyrste verdskrigen slutta, vart Berlin frå 1919 det økonomiske og kulturelle senteret i den svært liberale Weimar-republikken. Berlin hadde kjøpesenter som London og eit uteliv som Paris. Trass i stor politisk uro og misnøye var dette ein gullalder for byen Berlin.

Store delar av Berlin vart bomba og lagt i grus under Den andre verdskrigen. I samsvar med avtalene dei imellom okkuperte sigersmaktene kvar sin del av byen i 1945, etter han var erobra av sovjetiske styrkar. Sovjetunionen gjorde seinare den austlege delen av byen til hovudstad i DDR. For å hindra at innbyggjarar flykta frå DDR-delen av byen bygde styresmaktene ein mur i 1961. Berlinmuren var 43 kilometer lang og delte byen i to. Muren kom til å symbolisera delinga av Europa i den kalde krigen og jernteppet som skilde dei to delane. Muren vart vakta med piggtråd og soldatar fram til 1989 då dei kommunistiske regima måtte gje tapt for presset frå innbyggjarane. Fleire hundre menneske vart drepne ved muren i løpet av den kalde krigen. Frå 1990 har det gått føre seg omfattande byggeaktivitet og rekonstruksjon av byen slik han var før krigen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Berlin si regjering vert kalla senat, og leiaren for senatet vert kalla regjerande borgarmeister. Michael Müller (SPD) er no i denne stillinga. Berlin er, og har alltid vore, ein utprega «raud» by. Men siden valet i 2011 regjerer sosialdemokratane SPD med dei konservative CDU i ein storkoalisjon. I staten Berlin sitt parlament har sosialdemokratane SPD 47 sete, dei konservative CDU 39 sete, miljøpartiet Dei grøne 29 sete, sosialistane die Linke 19 sete og Piratenpartei Berlin 15 sete.

Staten Berlin har i dag fire sete i det tyske Forbundsrådet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Berlin ligg ved elvane Spree og Havel. Berlin var tidlegare ein del av Mark Brandenburg, som ligg kring Berlin. Frå 1920 byen vore ein eigen bystat.

Byen vert utgjort av til saman 12 distrikt (Bezirke): Mitte, Friedrichshain-Kreuzberg, Marzahn-Hellersdorf, Treptow-Köpenick, Lichtenberg-Hohenschönhausen, Spandau, Steglitz-Zehlendorf, Charlottenburg-Wilmersdorf, Reinickendorf, Tiergarten, Tempelhof-Schöneberg og Neukölln.

Universitet[endre | endre wikiteksten]

Fernsehturm
Foto: Andreas Praefcke

Operahus[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berlin