Ali-Asghar Bahari
Ali-Asghar Bahari | |
Verkeleg namn | علی اصغر بهاری |
Statsborgarskap | Iran |
Fødd | 1905 Teheran |
Død | |
Yrke | musikar, universitetslærar |
Ali-Asghar Bahari (1905–10. juni 1995) var ein persisk kamandjehspelar frå Teheran.
Bahari var fødd i Teheran medan foreldra hans var frå Bahar. Han lærte å spela kamandjeh av bestefaren sin Mohammad Taghi Khan, og seinare av morbrørne sine Akbar, Reza og Hassan. Hans første store suksess var med Ebrahim Khan Mansouri sitt orkester som attenåring.
Bahari starta sin eigen musikkskule i Mashhad. Seinare flytta han tilbake til Teheran og underviste i kamandjehspel i Honarestan under Ruhollah Khaleghi. Han var også professor i musikk ved Universitetet i Teheran i nokre år.
Bahari spelte med kjende iranske musikarar som Hossein Tehrani, Ahmad Ebadi og Abolhasan Saba. Jan turnerte i Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, England og USA.
Han døydde i Teheran.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ali-Asghar Bahari» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Haghighat, A., Honarmandan e Irani az Aghaz ta Emrooz, Koomesh Publication, 2004
- Ali Asghar Bahari on Iran Chamber Society
- Ali Asghar Bahari on Encyclopaedia Iranica
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: