Alicia Keys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alicia Keys
AliciaKeys2013.jpg
Fødd25. januar 1981 (40 år)
FødestadHarlem
FødenamnAlicia Augello Cook
AliasAlicia Keys
OpphavUSA
Aktiv1996–
Sjangerneo-soul, moderne R&B, pop
Instrumentpiano, cello, bassgitar, gitar, tangentinstrument, vokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapArista Records, Columbia Records, J Records, RCA Records
Verka sommusikar, songar, komponist, pianist, musikkprodusent, lyrikar, skodespelar, Kunstsamlar, arrangementvert, plateartist
MorTeresa Augello
FarCraig Cook
Gift medSwizz Beatz
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Grammy Award for Best Rap/Sung Collaboration, 100 Women, Ambassador of Conscience Award, Grammy Award for Best R&B Album

Alicia Augello Cook, kjend som Alicia Keys (fødd 25. januar 1981) er ein svært prisløna USA-amerikansk R&B- og soulartist og skodespelar. Ho voks opp som einebarn i Manhattan i byen New York.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste albumet hennar fekk tittelen Songs in A Minor «Songar i a-moll», og kom ut i juni 2001. Til å vera debutalbum vart dette enormt populært; det selde over 6 millionar eksemplar i USA åleine, og 12 millionar på verdsbasis. Fleire singlar vart laga av songane, og den mest kjende av desse er hit-en «Fallin'». Alicia Keys vann imponerande fem Grammy-prisar for dette albumet.

Artisten fylgde opp med The Diary of Alicia Keys; «Alicia Keys si dagbok» i desember 2003, og suksessen heldt fram. Dette albumet vann 4 ho fire Grammy-prisar for, og singelen «If I Ain't Got You» vart populær. Etter dette spelte Alicia Keys inn ein cd som fekk tittelen Unplugged (2005), dvs. utan bruk av forsterkarar og elektroniske instrument.

I 2007 debuterte ho som skodespelar i spelefilmen Smokin' Aces, der ho spelte mot Ben Affleck og Andy Garcia. I november same året kom det tredje studioalbumet hennar, As I Am ut. Også dette vann ho Grammy for. Hennar fjerde album heiter The Element of Freedom og vart utgjeve i 2009. I 2010 vart ho gift med rapparen Swizz Beatz, og dei fekk ein son saman same året.

Som skodespelar har ho også hatt ei stor rolle i filmen Bienes hemmelige liv frå 2008. Det kan også nemnast at ho har samarbeidd med Jay-Zhip-hopsingelen «Empire State of Mind».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Songs in A Minor (2001)
  • The Diary of Alicia Keys (2003)
  • Unplugged (Live, 2005)
  • As I Am (2007)
  • The Element of Freedom (2009)
  • Girl on Fire (2012)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]