Hiphopmusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Afrika Bambaataa med DJ Yutaka frå Universal Zulu Nation i 2004

Hiphop er ein musikksjanger danna i USA tidleg på 1970-talet. Musikken inneheld ein stilisert rytmikk som ofte er følgd av rap, ei rytmisk og rimande ordkunst. Musikkforma blei utvikla som del av hiphopkulturen, ein subkultur definert av fire hovudelement: MC-ing (rap), DJ-ing (bakgrunnsmusikk gjennom beats og scratching), b-boying (breaking/breakdance) og graffiti. Andre innslag er sampling og beatboxing.

Hiphopmusikk inneheld som oftast assonans, allitterasjon og rim. Rapparen er akkompagnert av eit instrumentalt musikkspor, ofte omtalt som eit beat, framført av ein DJ og skapt av ein musikkprodusent eller ein eller fleire musikarar. Historisk har desse beata ofte blitt skapt ved å sampla annan musikk, ofte funk, jazz og soul. I seinare år har det blitt vanlegare at beatet er bygt opp kring individuelle rytmesample. Som tillegg til beatet nyttar ein ofte annan lyd. Låtar er av og til òg heilt instrumentale, som ein måte til å visa opp dugleik hjå ein DJ eller produsent.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Breakdancing er ei danseform knytt til hiphopmusikken.

Ein av de første viktige personane bak utviklinga av hiphopen i Bronx på 1970-talet var Afrika Bambaataa, som byrja som DJ på dei store kvarterfestane som blei ulovleg arrangerte på gatene. Ein tjuvkopla straum frå gatelyktene for å driva PA-anlegga. Bambaataa byrja rappa til musikken sin, og då særleg om at gjengane på gatene skulle gjera opp i rap battles i staden for å slost og drepa kvarandre på gatene. Dette skjedde faktisk til ganske stor del. Den første låten som blei ein stor hit utanfor dei svarte storsbyområda og därigenom gjennom dette bana vegen for gjennombrotet til musikkstilen var «Rapper's Delight» (1979) med The Sugarhill Gang. Andre viktige pionerar er Kool DJ Herc og gruppa Grandmaster Flash & The Furious Five som med albumet The Message (1982) viste at hip-hop kunne vera noko meir enn bare festmusikk gjennom å ta opp sosiale storbyproblem i tekstane.

På midten på 1980-talet auka populariteten til hiphop. Gruppa Run DMC, med DJ-en Jam Master Jay som kreativ leiar, slapp i 1985 albumet King of Rock som tok hiphop-musikken til nye nivå både kommersielt og kunstnarisk. Dei tidlegare artistane hadde i hovudsak sampla discomusikk, men Run DMC sampla òg rock og gav hiphopen ein hardare sound som skulle forma han langt inn på 1990-talet. Deira største hit var ein duett med heavy-metalgruppa Aerosmith, ei nyinnspeling av sistnemnde sin song "Walk This Way". Dette blei den største hiphop-hitten til då, og blei òg spelt på radiokanalar som elles berre spelte musikken til kvite artistar. Run DMC deltok som einaste hiphop-gruppe ved Live Aid-gallaen 1985.

Gullalderen til hiphop (the golden age of rap) pleier ein seia fann stad mellom 1986, då Eric B and Rakim slapp debutalbumet sitt Paid in Full, og 1992, då Dr. Dre slapp debutalbumet sitt The Chronic. I denne periode gjekk hiphopen frå å vera ein ganske samla sjanger til å inkludera ei rekkje subsjangrar, både musikalsk og tekstmessig. I denne tida blei det sloppe ei mengd album som i dag blir sett på som klassiske innanfor hiphoppen, til dømes De La Soul sitt 3 Feet High and Rising, Public Enemy sitt It takes a Nation of Millions to hold us Back, N.W.A. (Niggas with Attitude) sitt Straight Outta Compton, Ultramagnetic MC sitt Critical Beatdown og Brann Nubiansitt All for One. Alle desse album bidrog sterkt til utviklinga av sjangeren.

Andre viktige strøymingar som følgde var den politisk drivne hip-hopen som på 1980-talet var leia av Public Enemy og den påfølgjande upolitiske gangsterrappen tidleg på 1990-talet (der blant andre Onyx,Tupac Shakur, The Notorious B.I.G., Snoop Dogg, Eminem og Dr Dre var framtredande artistar). I seinare år har hiphop i USA blitt meir og meir husrein og kommersielt framgangsrik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hiphopmusikk