Alison Turriff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alison Turriff

Fødd10. august 1984 (39 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv2002–
Sjangerklassisk musikk
Instrumentklarinett

Alison Turriff (fødd 10. august 1984) er ein skotsk klarinettist og komponist som verkar innan folk-fusion med opptak, forsking og musikkproduksjon. Ho har vore tilknytt den leiande klarinettprodusenten Buffet Crampon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Turriff var fødd i Lanark og voks opp i Wishaw i North Lanarkshire i Skottland. Sjølv om ho viste ei tidleg interesse for musikk, særleg piano og komposisjon, fekk ho ikkje ein undervising i faget før ein lærar på skulen merka songtalentet hennar. Då ho var 10 år, tok ho del i og vann tredjeplassen i ein lokal Robert Burns-konkurranse med songen «A rosebud by my early walk».[1] Etter dette blei ho oppfordra til å byrja spela eit instrument, og valde klarinett fordi ho «ikkje visste korleis det såg ut» og tenkte det «kunne vera interessant».[1] Klarinettstudia til Turriff tok ikkja av før ho var 16, då ho byrja få undevising av musikklæraren sin på vidaregåande. I løpet av 18 månader hadde ho tatt 8. grad i musikk og sikra seg fleire studieplasser til å fortsetja musikkstudiane sine og vunne North Lanarkshire sin pris for årets musikar.[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Turriff tok graden Bachelor of Music ved Royal Welsh College of Music and Drama der ho studerte med førsteklarinettspelaren for Welsh National Opera, Leslie Craven.[2] I studietida deltok ho i eit utvekslingsprogram som førte henne til Barcelona for å studera med den spanske solisten Joan Enric Lluna ved Escola Superior de Música de Catalunya. Turriff fortsette studiane sine med Lluna ved Trinity College of Music i London, der ho vann Harold Clarke-prisen for treblåsarar og fekk ein Master of Music med distinksjon. Turriff tok så timar i Paris med eun «supersolist» frå Paris Opera, Philippe Cuper.[1]

Førestillingar og premierar[endre | endre wikiteksten]

Som solist har Turriff turnert og opptredd over heile Europa og Midtausten. Ho har opptredd ved kjende konertstader som Wigmore Hall, Wales Millennium Centre, Barbican, St David's Hall og St John's, Smith Square.[3] I 2008 gav ho den britiske premieren på Alexandre Tansman sin klarinettkonsert i ei framføring som blei hylla av kritikarane.[1] Turriff framførte òg Steve Reich sin City Life ved opningsfeiringa av Kings Place i London. Ho framførte også det elektroakustiske, folkemusikk-inspirerte meisterverket Alt.Music.Ballistix av Nikola Resanovic ved urframføringa av verket i Wigmore Hall.[3]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Under studiane sine i Spania forska Turriff på og skreiv det fyrste utvida verket på engelsk om tradisjonell musikk frå dei katalansktalande områda i Spania. Som masteravhandling skreiv ho om påverknaden frå polsk folkemusikke i verka til Witold Lutoslawski på 1950-talet.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Turriff har teke del i innspelingar dirigert av Edward Gardner i samband med eit orkesterprosjekt for BP si hundreårsfeiring.[4] Ho har òg spelt inn verk av Alan Hovhannes for Naxos med den amerikanske dirigenten Keith Brion i eit prosjekt vigd til minnet om lady Evelyn Barbirolli, enkja til sir John Barbirolli.[5]

Turriff gav ut sitt fyrste soloalbum, Distant Shores, den 11. november 2011. Det inneheld ulike stilar av folkemusikk frå heile verda i ei klassisk ramme.[6]

Veldedig arbeid[endre | endre wikiteksten]

Turriff er vernar for The Sky Project i Shortlees i Skottland, som arbeider for å støtta svært vanskelegstilte unge i området.[7] I samband med arbeidet sitt blei ho intervjua og var på skotsk fjernsyn 9. september 2011 for å veksa medvit om problemet med barnefattigdom i Skotland.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Distant Shores (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Alison Turriff Biography». Arkivert frå originalen 10 November 2011. Henta 16 November 2011. 
  2. «Leslie Craven home page». Arkivert frå originalen 3 October 2011. Henta 16 November 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Alison Turriff Diary». Arkivert frå originalen 10 November 2011. Henta 16 November 2011. 
  4. «Hitting the High Notes: A Musical Illustration of BP's Centenary». Henta 16 November 2011. 
  5. «Naxos Catalogue». Henta 16 November 2011. 
  6. «Alison Turriff News». Arkivert frå originalen 10 November 2011. Henta 16 November 2011. 
  7. «The Sky Project Patrons». Arkivert frå originalen 25 April 2012. Henta 16 November 2011. 
  8. «STV News». Henta 16 November 2011.